Signe og Sverre M. Bartness starta arbeid i Dhanora i 1933. Vi på Elim har støtta arbeidet i Dhanora om lag frå då bønneringen vart starta. Støtta i starten var dels gjennom misjonskassa, og dels gjennom arbeidet som Ingvald Pettersen gjorde for Dhanora. Han skaffa mange underhald, og samla inn mange brukte frimerke til arbeidet. Etter Bartness tok Ida Lerberg over arbeidet. No er arbeidet over i nasjonale hender. Hiwale leiar arbeidet i dag. Frå 1990 har vi støtta Dhanora fast kvart år. Frå 1990 til september 2015 har vi gitt ca. kr 1 051 000,- Vi er den kyrkjelyden som har gitt mest støtte til Dhanora.