Hallvard Hasseløy starta arbeid i Ukraina i 1993. Vi har støtta arbeidet frå 1994, altså om lag heilt frå starten. Han vitjar kyrkjelyden vår kvart år. Då informerer han om arbeidet, talar Guds ord og samlar inn klede og pengar til arbeidet. Du kan lese om det store arbeidet på heimesida til Open Heart under. Vi har også gitt noko støtte til Evangelist Church, der Ernst Hansen har vore vår kontaktperson. Samla støtte til Ukraina frå 1994 til september 2015 frå vår misjonskasse er ca. kr 679 000,- Hallvard har i tillegg skaffa seg fleire av våre medlemmar som faste givarar.
For meir informasjon besøk Openheart si nettside: www.openheart.no